HOVEDSIDEN      HISTORIE      BUNADSTIPS/STELL      BRUK      PRISAR      OM ØDEGÅRD AS      KONTAKT
Bunadstips
HATT
Vart rundt århundreskifte nytta med rund pull,seinare i mellom krigsåra kom modellen med nedslått pull (mafiahatt).Som hovudplagg vart det også nytta andre ting f.eks.flosshatt og luer.
NB! Unngå bruk av rallar-hatt! Dette var frå gamalt ein sluskehatt. Vedlikehold børstas og leggast vekk i den forma som brukaren vil ha.

SKJORTE
Kvitsaumen har ulike mønster i broderinga,det er ikkje mogeleg å seia kva for eit mønster du vil få ved bestilling. Skjorta er i 100% bomull og skal kokast ved vask. Kokast i ein kjel på komfyren eller på kokevask i vaskemaskin då i eit putetrekk. Ved sterk gulning eller vanskelege flekkar må Bio Tex hvitt nyttast før koking.

HALSEKLUT
Halseklut vert levert i trykka silke eller vevd silke og i mange fargar og variantar. Vedlikehold ved trykka halseklut er rens, den vevde kan vaskast,sjå vaskeanvisning som fylgjer med kluten. For å feste halsekluten så må den stikkast under sele opp mot skulder og festast med nål eller sikkerhetsnål i sele.
NB! Spissane på halseklut skal vende oppover.På enkelte menneske vil bandet rundt halsen skli oppover i nakken,dette kan hindrast ved å bruke ei nål eller sikkerhetsnål i bandet og inn i skjorta,under kvitsaumen.

FYRIERM
Vert kneppt på skjorte over linninga.Frå gamalt vart det nytta svart botnfarge til begravelse og raud eller anna botnfarge til fest. I dag så vert det nytta om kvar andre.

BUNADEN
Vedlikehold av bunaden vert å dampe og presse stoffet ved fjerning av flekkar ,ved full reingjøring må den rensast.I dag vert bunaden rensa stort sett med sølvknappane i,men sjekk dette med renseriet.

SOKKAR
Det vert nytta svarte sokkar til langbukse og kvite sokkar med mønster eller tviband sokkar til knebuksa. Vedlikehold ved vask.

SOKKEBAND
Var frå før tenkt til å halda sokkane oppe og vart då nytta under knebukselinninga med to duskar ut på kvar ytterside,i dag vert det også nytta over linninga på knebuksa.

SKO
Bunadssko må gåast til,då er det viktig at skoa blir tilført skosverte slik at sprekkar ikkje oppstår.Bruk eit ekstra sokkepar i skoen hvis du har begge buksene elles vil dei kjippe.

SØLVKNAPPAR
Vi leverer i 925 sølv, det fører til mindre vedlikehold enn 830,men dei må pussast med jamne mellomrom. Dette kan gjerast med ein A 4 plastlomme som du skjer eit hakk i med saks for så å tre plasten under knappen. Det er best å bruke ein sølv pusseklut ,ingen former for flytande sølvpuss er å anbefale.

BUNADSKNIV
Finnes i mange variantar og det er umogeleg å seia kva som er rett og gale.Kniven skal hengja i ein sterk knapp (dei best egna er ikkje i handelen lenger,men vart nytta i gamle lusekofter og ligg i alle gamle syskrin. Denne knappen er i bakelitt).Dei fleste av dagens knappar er for svake.Knappen skal sitja på venstre side for ein som er høgrehendt og på høgre side for ein som er venstrehendt, dette for å kunne trekkje kniven fortast råd. For å kunne finne rett plass så er ein tommelfinger regel at knappen vert plassert ved overgangen sidesøm og linning eller inntil 2 -3 cm bak sidesøm.Knappen vert ikkje satt på av oss.

KLOKKEBAND
Mange lengder og variantar vart brukt før og mange mogelegheiter er det også no.Visse tommelfingerreglar finns: Klokka skal vera i venstre nederste lomme på vesten hvis du er høgre - hendt og i høgre nederste lomme hvis du er venstrehendt.Klokkebandet skal gå i 1. 2. eller 3. knappehøl på høgre side på vest,eller venstre hvis venstrehendt.Dei to lommene på motsatt side av der klokka befinn seg kan også nyttast hvis klokkebandet er langt nok. Det vert også nytta klokkeband som er så lange at dei går rundt halsen.Det som du meinar er best og finast skal du nytte.

HALSKNAPP
Her er det mange meiningar og diskusjonar om kva som er rett og gale.Det vart nytta enkel knapp i knappehølet men også nål med dobbel knapp vert nytta.
NB! Ikkje bruk knapp eller dobbelknapp med anheng eller løv,dette høyrer Telemark og Gudbrandsdalen til.

MANSJETTKNAPPAR
Dette har ingen ting med hallingbunad å gjera,har aldri vore nytta.Hvis dei brukte noko på skjortelinninga så var det fyrierm.

Lykke til med bunad!


Stell av bunad og sølv

Bunad
Bunaden er laga i svært god kvalitet og stoffet har gode egenskap for vedlikehold.Det held seg svært bra. Når det gjeld dei tjukkaste ullstoffa så må ein vente seg at det vert rompe og kne og alboge i bunaden.

Vedlikehold av bunaden er stort sett å dampe og presse stoffet for fjerning av flekkar Ved full reingjøring må den rensast. I dag vert bunaden rensa stort sett med sølvknappane i, men sjekk dette med renseriet.

Oppbevaring av bunaden skjer best i ein pose som pustar og som slepp minst mogeleg lys igjennom. Pass på å heng den til lufting etter bruk og la den hange eit par dagar inne slik at det ikkje er råme i den.

Skjorte
Lin og bomull vert brukt i skjorta. Lin bør vaskast på 60 gr.
Bomull må kokast på 90 -95 gr. Hvis den har vorte gul eller har vanskeleg flekkar så bruk Bio Tex hvitt og legg ho i bløyt. Etter den behandlinga så må den kokast. For å bevara skjorta best så kok den enten i kjel på ovn eller i putevar /vaskepose i vaskemaskin. Etter at den er vorte tørr så pakkast den inn i ein plastpose .Let att posen slik at det ikkje kjem luft til. Når ein skal bruke skjorta så ta ho opp fra posen og stryk ho.

Sølv
Som bunadssølv er 925S bedre egna enn 830S. 925S får eit raudt skinn når det skal pussast. 830S vert svart. 925S treng ikkje meir enn ¼ med pussing i forhold til 830S.

Klokkeband,halsknapp og andre lause delar i sølv kan pussast i flytande sølvpuss eller pussast med sølvklut slik som ein gjer med knappane. Ein må bruke ei plastmappe som ein klypper eit spor i og trer under knappen for å dekke stoffet slik at det ikkje vert berøring mellom stoff og pusseklut. Sølvet kan og oppbevarast i ein plastpose,då vil det ikkje oksyderast så fort.

Anna
Halseklut vil bli slitt og må regnast utbytta mellom 5-10 kvart år. Må rensast ved flekkar. Skal strykast for å bli glatt.
Sokkar er stort sett av ull og må vaskast som ulltøy. Sko er i skinn og må tilførast skosverte, Bunadshatt kan rensast med ein brei tape, der ein brukar limsida mot filten.


Bunadshistorie

Klesskikkane har endra seg i alle år .Dei fleste bunadane som vi kjenner til i dag er frå på slutten av 1600 talet og fram til i dag. Det vart nytta stoff som ein fekk tak i eller laga sjølv.

Klesstilen vart påvirka av motar frå Europa. Militæret påvirka og utforminga på kleda. Fiskekjelke er frå tidleg 1700 tal. Den vart brukt i Hallingdal ,Sigdal/Eggedal,Krødsherad og Modum. Rukkastakken for damer er i frå same tidsrommet.

Mannsbunad med kort trøye er frå ca 1850 og inspirert av empire-stilen. Det er den bunaden som er mest brukt i dag.

Helgjikledu er frå slutten av 1700 tidleg 1800. Dei er tufta på gamle arbeidsklede og vart laga av Ødegård A.S i 1992. Geografisk kan denne brukast over heile østlandsområdet , tilsvarande for vestlandet er Vestlandsdrakten. Helgjikledu har same bruksområde som stakk for kvinna.


Tips om påkledning:
  1. Heng fram bunad og utstyr ferdig stryke og dampa og sølv ferdig pussa.
  2. Ha på sokkar og knebukseband så bukse, skjorte og selar.
  3. Halseklut tar du under selen og les den med nål. Pass på omsnippane på kluten skal hange ned, rett til sides eller opp mot skuldera. Her er det ulik tradisjon fra distrikt til distrikt.
  4. Vest og jakke vert det neste.
  5. Alt ekstrautsyr som klokke,klokkeband,fyrierm,kniv og halsknapp vert sett på.
  6. Hatt og sko til slutt.
  7. Etter bruk er det viktig at ein lagar bunad og utstyr klar for neste gongs bruk.