DAMEBUNAD

Klesskikkane har endra seg i alle år. Dei fleste bunadane som vi kjenner til i dag er frå på slutten av 1600 talet og fram til i dag. Det vart nytta stoff som ein fekk tak i eller laga sjølv.

Klesstilen vart påvirka av motar frå Europa. Militæret påvirka og utforminga på kleda. Fiskekjelke og rukkestakk er frå tidleg 1700-tal.

Mannsbunad med kort trøye og festbunad for damer er frå ca 1850 og inspirert av empire-stilen. Det er denne bunaden som er mest brukt i dag.

Helgjikledu er frå slutten av 1700 tidleg 1800. Dei er tufta på gamle arbeidsklede og vart laga av Ødegård A.S i 1992. Geografisk kan denne brukast over heile østlandsområdet, tilsvarande for vestlandet er Vestlandsdrakten. Helgjikledu har same bruksområde som stakk for damer.

Stakk vart nytta til kvardags og til helg. Stakken i svart stoff vart kalla helgjistakk. Rutet stakk var kvardagsstakk. Grønt og blått er variantar som er komen etter kvart.



<< Tilbake <<