Ødegård AS
Rukkastakk

Dette er ein bunad som er eldre enn festbunaden .Festbunaden er kjent for at livet går på øversida av brysta, medan rukkastakken har livet under brysta. Johannes Flintoe har måla mange bilete i frå Hallingdal som syner rukkastakken i bruk.Dette vart måla rundt 1800 -1850. Det er også mange lause delar på fleire museum i Hallingdal.
Navnet rukkastakk kjem sannsynlegvis frå at det er mange rynker på kjole under brokadelivet. Ei rukke på halling er ei rynke.
All kunnskap om plagget syner at mangfaldet var stort og mange sette sitt eige preg på bunaden, då sjølvsagt etter kva ein fekk tak i og kva ein hadde til rådigheit.
Mange syns at rukkastakken ligna svært på Hardangerbunad og er mykje vestlandsk inspirert. Det er ikkje så rart når ein veit at vegen aust- vest gjekk gjennom Hallingdal på 1700 ?talet.
Rukkastakken eller varianter av den vart truleg brukt på heile 1700 talet og kanskje heilt ned på 1600 talet.
Før 1840 var det som regel nytta gult metall i halspynt og belte , etter 1840 så kom sølv meir og meir i bruk.
Dette er den bunaden på damesida som kvar og ein kan seta sitt eige preg på og under syner vi kor mange variantar vi kan lage.

2 Gull eller sølvband x 2 ulike stoff = 4 x 300 ulike stoff i overlivet = 1200 x 4 ulike band på forkle =4800 x 10 ulike brystklutar = 48000
Her er det altså 48000 muligheiter.
Viss ein i tillegg tek med at ein kan bruke ca 15 andre band enn sølv eller gull så er ein oppe i 48000 x 15 = 720 000 varianter.