Ødegård AS
Rutastakk/kvardagsstakk

Me har mange modellar overliv og mange ulike band. Dette er det kunden sjølv som set saman slik at kvar einskild kan få det ein likar best. Legg ein saman alle ulike variantar så vil ein koma opp i ca 500 måtar å setja saman stakken på.

Helgjistakken var i svart klede eller svart drape og er rekna som den finaste av stakkane. Etter denne kjem blå og grønn stakk som vart brukt til halvfint. Rutastakken er kvardagstakken og var brukt på vanlege vekedagar.

I dag vert stakken brukt meir som festbunaden , noko som er eit heilt klart brot på tradisjon.
Til stakkane høyrer det ei eller to små søljer i halsen og ei nål der stakken går saman. Nåla bestod oftast av tre knappar som var lodda i saman, såkalla olinenål. Livhjul høyrer også med og me har 2 modellar.