HOVEDSIDEN      HISTORIE      BUNADSTIPS/STELL      BRUK      PRISAR      OM ØDEGÅRD AS      KONTAKT
Hallingbunadens historie
Mannsbunaden - karekledu frå Hallingdal

Mannsbunaden og folkedrakta har lang og rik tradisjon i Hallingdal. Det er nesten rart å sjå korleis motane har skifta opp gjennom åra.

Skilnaden på dagens bunader er stor i forhold til det som var det opprinnelege, men ein del punkt har endra seg lite. Mannsbunaden har vorte påverka utanfrå i langt større grad enn damebunaden.

Bunaden som vert nytta i dag kan ein fylgje bakover til ca. 1850. Før dette så må ein byggje mykje på bla. maleri som viser at kles-skikken har endra seg gjennom alle tider. I Gol Stavkyrkje heng det eit bilete frå 1699 som viser ei vid rukkebrok. Dette tyder på at det har vore på moten frå 1500 -talet.

På 1700-talet kan ein sjå meir ettersitjande bukser. På denne tida vart det stort sett berre nytta knebrok, ofte i skinn.

Ivar Aasen var i Hallingdal i 1845. Då skreiv han:

"Hallingdrakten har adskillige egenheder. De rette hallingtrøyer rekker ned paa hofterne og have tre udbugede kiler som begynder oppe ved skuldrerne. Knebukser af bredt skinn bruges ogsaa meget her."

Dette viser tydeleg at brudgomsbunaden og "fiskekjelkejakka" frå nedre delen av dalen er dei eldste noverande bunadsmodellane. Bunaden har vore og er eit høgtidsplagg, og spesielt på damesida var det nøye reglar.

På mannsida har det nok ikkje alltid vore like nøye. Det finns fleire jakker og vestar men svært få bukser. Desse vart nok slite ut i arbeid.

Historie - notid - framtid

Mannsklede har i alle tider vore prega av at plagga skulle vera hensiktmessige. Dei skulle kle kulda ute i tillegg til at plagga måtte tåle hard bruk. Moteretningar i frå Europa har hatt mykje å seia for utviklinga. Likeins var karane ofte ute i andre distrikt, på handel og vandel. Dei var også i militæret eller på moen, noko som gjorde sitt til å setja preg på utviklinga.

Utsmykkinga av mannsklede har endra seg etter motar og kva folk hadde råd til. Heldigvis har det vore utført ei god registrering av gamle klede og fleire modellar ligg i oppbevaring på museuma rundt omkring i landet. Klesskikkane har vore slik at reglane for kva som var rett og gale ikkje hadde så markerte skille som i dag.

No er me veldig opptatt av kva som kan brukast og kven som kan bera. Er detta rettigt?

Det finnst mange "raude" trådar som ein ikkje skal røre, men ei utvikling av bunaden må ein akseptera og godta. Det er slutt på å køyre hest og slede til kyrkja.

Når det gjeld spørsmålet om kven som har lov til å bera bunaden, så er det store diskusjonar om dette. La oss slå fast at alle som har slekta si frå Hallingdal har lov .Men la oss ta eit eksempel, ein som har oldeforeldrene sine frå Hallingdal treng ikkje ha vore i Hallingdal eller kjenne dalen i det heile. Medan ein som har arva hytta etter far sin og i tilegg har vore i Hallingdal kvart einaste år, ja har heile hjarta sitt i dalen. Han skal ikkje få lov til å bera bunaden? Vi meinar at begge desse har både lov og rett til å bera bunaden hvis dei sjølve føler for det.

Bunaden er i skuddet som aldri før og mest ettertrakta er den svarte korttrøya. Kvifor har bunaden kome slik i vinden dei siste tjue tjuefem åra? Me har vore gjennom ei tid der fyrst EF så EU har vorte diskutert og to folkeavstemmingar har vorte helde. Dette har ført til at folk har søkt etter røta og funne det i klesvegen.

Alle veit at motar går i bølgjedal. No er me på veg opp mot toppen , kva som vil skje framover er nesten som å spå. Me kan vel ikkje seie anna enn at diskusjonane rundt kva som er rett og gale og om kven som har lov til å bruke bunaden vil fortsetja. Spørsmål som i dag er "heite" vil vera det om femti år. Dømer på dette er, skal det brukast kniv til damestakken?

Korleis ser hallingkniven ut? Og kva til side skal han sitja på? Dette er alle diskusjonar som er bra for interessa for gamle klesskikkar.