MANNSBUNAD

Klesskikkane har endra seg i alle år. Dei fleste bunadane som vi kjenner til i dag er frå på slutten av 1600-talet og fram til i dag. Det vart nytta stoff som ein fekk tak i eller laga sjølv.

Klesstilen vart påvirka av motar frå Europa. Militæret påvirka og utforminga på kleda. Fiskekjelke og rukkestakk er frå tidleg 1700 tal.

Mannsbunad med kort trøye og festbunad for damer er frå ca 1850 og inspirert av empire-stilen. Det er denne bunaden som er mest brukt i dag.

Helgjikledu er frå slutten av 1700 tidleg 1800. Dei er tufta på gamle arbeidsklede og vart laga av Ødegård A.S i 1992. Geografisk kan denne brukast over heile østlandsområdet, tilsvarande for vestlandet er Vestlandsdrakten. Helgjikledu har same bruksområde som stakk for damer.

Stakk vart nytta til kvardags og til helg. Stakken i svart stoff vart kalla helgjistakk. Rutet stakk var kvardagsstakk. Grønt og blått er variantar som er komen etter kvart.



<< Tilbake <<