Ødegård AS
Mannsbunad m/kort jakke

Den meste brukte og best kjente av bunadane til menn. Bunaden er inspirert av empirestilen og er frå ca 1850. Jakke, vest og bukse var i svart ullstoff.

På slutten av 1800 talet og byrjinga av 1900 talet vart drape liknande stoff teken i bruk. Drape er det vi kjenner best til i dag. Motane har endra denne bunaden, jakka og vesten har vorte lenger og livhøgda på buksa kortare.

På bunader som er sydd rundt 1970 kan ein sjå at det vart nytta sleng i buksa, som då var på moten. Påvirkningen har kome både fra Europa, på "moen" eller militæret og ikkje minst ved at menn reiste ein del og fekk impulsar frå andre distrikt.

Ødegård A.S. produserer denne i både klede og drape. Klede vert produsert av Gudbrandsdalen Ullvarefabrikk eller Mandal Veveri. Drape er i 100 % ull og produsert i England. Det vert laga to ulike vestar, ein med rund hals og ein med v hals. Kne og lang bukse kan leverast.