Ødegård AS
Brudgomsbunad

Brudgomsbunaden har sitt utspring tidleg på 1800-talet. På Bergen Museum er det ein slik bunad frå 1830. Knebroka er svart, vesten raud og jakka eller trøya er sid og grå, medan det innafor denne trøya er ei kortare trøye blåleg i farge. Dette tyder på at det har vore nytta ulike modellar. Ein kan og finne grøne og raude mannstrøyer. Dette betyr at det også har vore mange ulike fargar. Johannes Flintoe avbilda både hallingar og valdrisar i desse kleda omkring 1820. Dette viser at motane den gongen også påverka kvarandre og at folket tok etter andre.

Hermund Teigen var skreddar frå Ål i ca. 1860-1870m det vert sagt at han sauma store røser i raudt, grønt eller blått kamelgarn på knebuksa. Jakka eller trøya vart sauma mindre, og den saumen som vart laga kom etter kanten innom ein fløyelskant. Her er nok den varianten som er mest lik den vi ser brukt idag.

Hulda Garborg skreiv i 1917 at den broderte mannsdrakta i Hallingdal lenge hadde vore ute av bruk, men at det på hennes tid vart teke i bruk att då spesielt til høgtidsbruk. Ho sler også fast av den vart mest brukt i Hallingdal, men også enkelte stader i Valdres.

Ein kort beskrivelse av dagens brudgomsbunad:
Jakka eller trøya er i kvit vadmel eller klede. Den er utan knappar og er kanta med grønt ulltøy langs åpningen framme. Ermane har oppbrett i svart fløyel med raude kantar. Trøya har oppståande krage, skulderbryning og tre kiler i ryggen.
Forstykket, kragen og bryningane er rikt dekorert med ullgarnsaum. Vesten er i raudt ullstoff og er kanta med svart fløyel. Stoffet i vesten er vanlegvis i klede. Den har ståkrage og nedbrett slag. På frontstykkje er det montert tre rader med sølvknappar, i tillegg er det det sølvknappar på alle lommeklaffane. Knebuksa er i klede eller vadmel og svart av farge.
Buksa har store røser med broderingar i ullgarn. Splitten ved kneet har raude kantar, ei rad med sølvknappar og ei med sølvspenne nederst. Skjorta er i lin eller bomullstoff. Lin var det gamlaste, men bomull det mest behagelege.
Halslinna kunne ha ulike broderingar, men oftast var det kvitsaum. Desse skjortemodellane er nok ganske mange år yngre enn bunaden. Som hovudplagg vart det brukt ei kollelue sydd saman av seks eller åtte delar i raudt ullstoff. Luva var kanta nederst og saumane med svart fløyel.
Når det gjeld "fyriermar", handringar, silketørkler eller halsklut, sokkeband, sokker, bukseselar, klokke, slirekniv og anna sølv, er det mykje til felles med den svarte bunaden.