HOVEDSIDEN      HISTORIE      BUNADSTIPS/STELL      BRUK      PRISAR      OM ØDEGÅRD AS      KONTAKT
Om Ødegård AS
Ola Perstølen var født 26.11.1877 han var saman med far sin Per, skreddar av yrke. Ola sin son som også heitte Per var skredder,men han praktiserte ikkje som skreddar men var næringsdrivande. Denne familien starta butikken Ola Perstølen i 1917. Skreddar-virksomheit ved sida av salg av klær og stoff var det dei handla med . Seinare vart verksemda utvida med bokhandel.

Undertegna kjøpte klesbutikken av Ola Perstølen d.y. 1.7.1985. Firmaet heitte fyrst Perstølen ettf. fram til 1.1.1994 då vart det omgjort til Ødegård A.S. Butikken har vore i drift i snart 90 år. Me starta med Hallingbunad i 1985 og i 1988 kom Numedal og Gudbrandsdal.

Frå 1994 har me delteke aktivt i utviklinga av bunad saman med Solhjell A.S. i Molde. Noko som har enda i bunad frå totalt 37 distrikt. Dei siste åra har me også fått laga mykje bunadsutstyr for dei ulike distrikta. Ein kan nemna sølvknappar ,halsnål, selar,hattar,klokkeband og pose til oppbevaring.

Damebunad er under utvikling og det vil kunne leverast damebunad frå mange distrikt.

Slik er gangen med å få seg ny bunad:

  • Ta kontakt for avtale om visning og måltaking på tlf. 32082082
  • Vi går gjennom kunden sitt behov og måltek. Knappar og skjorte må bestemmast.
  • Me tek eit forskudd på kr. 4000 -6000 som enten må betalast kontant eller fakturerast.
  • Produksjonstida er 6- 8 veker på mannsbunad og 12-14 veker på damebunad . Når bunaden er ferdig ringer vi deg for avtale om prøving.
  • Ved prøving er det 95 % sjanse for at bunaden er perfekt og 5 % av utleveringane har rettingar. Kunden velg så ut ekstrautstyr.
  • Alle bunader vert prøvd og levert ut fra butikken på Ål.
  • Bunaden må betalast ved overtaking eller over bank før prøving. Me godtek bank axept (dei fleste bankkort har bankaksept) men dessverre ikkje kredittkort som Visa,Diners,Eurocard osv.