Ødegård AS
Halsklut

I Hallingdal var det vanleg med ferdig laga klutar til bruk i halsen. For resten av landet var det stort sett halsklutar som folk knytte sjølv.

Det finnst ca 45 - 50 ulike slag og enkelte gonger kjem ein over gamle silketørkle som vert laga til halsklutar.

Halskluten er laga i silke og kom før i tida med rallarane, som var den tidas handelsfolk. Husmora hadde ikkje nytta anna enn tjukke stoff og når den fine å glatte silka kom ,vart den nytta til stas.

Det var ofte heile slør/tørkle som vart knytt med ein knute i halsen. Frå 1900 talet vart det, for Hallingdal, sydd ferdige klutar. Desse vert mest brukt i dag.

Hugs alltid på at spissane skal vende opp mot skuldra og festast under selen med trykknapp eller nål.