HOVEDSIDEN      HISTORIE      BUNADSTIPS/STELL      BRUK      PRISAR      OM ØDEGÅRD AS      KONTAKT
Bunadsutstyr og bruk av dette
Her vil vi ta for oss diverse bunadsutstyr og prøve å gi ei forståing av når og korleis dette vart brukt. Mange tradisjonar er omdiskutert og ikkje alle er einige om korleis det har vore og bør vera. Dette gjer at diverse spørsmål rundt bunaden ikkje har noko sikkert svar.

BUNADSSKJORTE
Skjorta som er nytta til den svarte korttrøye bunaden har kvitsaum oppe på den ståande kragen. Nokon seier at det skal vera kvitsaum også framme på armlinninga, men dette vart brukt på damebunaden og har nok svært lite med mannsbunaden å gjera. Vart det brukt noko så var det handring eller fyrierm som me kjem attende til seinare.

Mønstera på kragen var mange og det er det fortsatt. Frå gammalt var ikkje skjorta heil, men besto av kragen og ein bit framme og bak, dette vart kalla ein kaste eller halseskjorte. Denne har ikkje vore i bruk i dei seinare år. Stoffet som vart nytta før var lin og i dette århundre stort sett bomull.

HALSKLUT
Halseklut eller silketørkle vart nytta i halsen. Dette kom hit til lands med rallarane og andre handelsfolk. Det kom stort sett frå Østerrike og vart sett på som fin stas. Ein må hugse på at det stoffet som dåtidas husmødre kjente til var lin, vadmel og tjukt bomullstoff, derfor var silkestoffet spennande og nytta til stas.

Før vart det nytta heile stoff stykkje, som vart knytt i halsen, no er det mest ferdigsydde halsklutar som er enklare å kle på. Mønsteret på silketørkla var mange og stort sett vart det brukt alt som dei hadde råd til å kjøpe. I dag så vert det brukt halseklutar som den som ber bunaden likar. No vert det vove silke her til lands og Gro Randen frå Ål er kjent for fine og staslege halseklutar.

FYRIERM
Fyrierm eller handring vart nytta fram til mellomkrigsåra, men vart så borte ein del år. Det vart teke opp att i starten på 1980 åra og er i dag mykje brukt. Fyriermar vert knept på ermlinninga og viser framom trøyeermet. Før vart fyriermane oftast strikka, men det vart og brukt kårilstein sydd på stramei og danna ulike mønster.

Åttebladros var noko som gjekk att og dei var fargerike, noko som kan tyde på at dei var sydd med tanke på å stå til silketørkla. På gamle fyriermar sydde dei eller strikka inn initialane til den som eigde dei, då med farens bokstav i midten. Dette vert også brukt i dag. Dei ulike mønstra har nok kanskje vore stadbunden, dette har i så tilfelle vorte viska meir og meir bort.

BUNADSSOKKER
Sokkar til bunaden vart før i tida laga av materiale ( ull ) som dei hadde for hand. No i dag vert det brukt svarte vanlege sokkar til langbuksa og tviband sokkar eller naturfarga kvite sokkar til knebuksa. Tvibandsokkane har åttebladsros og fargene er kvit og svart. Desse vert nytta til den svarte korttrøye bunaden, medan det til brudgomsbunaden vart brukt kvite flettasokkar.

SOKKEBAND
Når det gjeld sokkeband eller hoseband så vart dei før brukt til å halda sokkane oppe. No vert det brukt meir til pynt då sokkane er fastare i strikken og sit betre oppe. Sokkebanda var fingerhekla og hadde gilde farger, det ser ut til at desse vart laga lik silketørkla og vart derfor eit blikkfang. Desse vart brukt om kvarandre til både brudgomsbunaden og den svarte korttrøya.

Bukseselar var i tidlegare år pynta med brodering og kørilstein. No vert det brukt fleire slag, i og med at vesten dekkjer over selane spelar det liten rolle kva farge som vert brukt. Har ein ikkje vesten på seg så har ein heller ikkje bunad på seg.

SKO
Før i tida nytta ein det fottøyet ein hadde. Det vart ofte pynta med eit spenne framom oppe på skoen. Derfor har vi i dag fått det vi kallar bunadssko. Dei bør nyttast til brudgomsbunaden og til knebuksa på den svarte, medan ein til langbuksa kan bruke einsfarga svarte sko.

KNAPPAR
På 1800 talet brukte dei beinknappar og messingknappar. Sølv vart teken i bruk frå 1840 og bl.a. vart gamle 10 øringar og andre myntar i sølv pressa og brukt til knappar. I den seinare tid har 925 S overteke for 800 S og 830 S, dette gir mindre pussing og knappen held seg fin lenger. Det finns mange ulike mønster men noko som går att er åttebladsrosa.

I kvart lite dalføre var det ofte ein eller fleire som dreiv med sølvarbeid. Dette gav eit stort mangfald av knappar. No er det meir einsretta med ein seks sju mønster. Knappane vert laga oksyderte og blanke og er i to størrelsar. Dei vert nytta om kvarandre når det gjeld brudgomsbunaden og den svarte.

KNIV
Slirekniv eller bunadskniv, her er det heilt umogeleg å seia kva som er typisk Hallingdal. Nær sagt alt har vore nytta og det dei hadde vart brukt. No kan me slå fast at det er to modellar som vart mykje brukt og høgt verdsatt. Det er Raaen kniven og Einarsen kniven. Raaen kniven vart laga i Hol og laga i heil nysølv både i holk og kniv, dette gjer at den ikkje er ulik taterkniven. Kniven var rikt sisilert og er i dag høgt verdsett og svært vanskeleg å nå tak i. Einarsen kniven er laga av bjørk eller bein med nedfelt perlemor samt sølv i slira fremst og bakerst på kniven. Denne kniven er svært lik Toten kniven og inspirasjon til denne er nok henta der frå.

Mikkel Einarsen, Einar Hagen og Lars Raaen er dei siste og mest kjente knivmakarane. Mikkel og Einar (far og sønn) laga Einarsenkniven og Lars Raaen var opphavet til Raaen kniven. Begge desse knivane er frå tidleg på 1900 talet. Før desse var det mange knivsmedar som dreiv i mindre målestokk, faktisk var det smedar på annan kvar gard. Det dei laga var mykje til eige bruk både til stas og dagleg bruk. Derfor er det vanskeleg å kunne finne nokon einsretta trend frå åra før 1900. Det vart sagt at kniven sat laust i Hallingen si slir og det fortel at kniven var i flittig bruk.

Kniven vert brukt på venstre side for høgrehendte og høgre side for venstrehendte.

KLOKKE
Sølvklokke vart nytta av praktiske årsaker for å kunne veta kor mange klokka var. I dag vert klokka meir nytta som eit samleobjekt og til pynt. Før var lommeura med nøkkeltrekkjar dvs. at det var ei manuell opptrekking av klokka med nøkkel på baksida. Dette varte fram til århundreskifte då me fekk kronetrekk dvs. at trekkinga foregår ved å vri på skruen som ein stiller klokka med.

Dobbeltkapsla sølvklokke er eit anna begrep som er frå gamal tid men blir også nytta på nye klokker. Det er eit deksel som er lik baksida på klokka lagt over fronten, reint praktisk så tåler klokka hardare bruk. Sølvklokker er blitt eit samleobjekt og derfor har prisen på fint brukte sølvklokker stige kraftig i verdi. Enkelte klokker ligg høgare i pris enn gullklokker. Sølvklokka vert plassert i nederste vestelomme, venstre side for høgrehendte og høgre side for keivhendte.

KLOKKEBAND
Klokkeband var i sølv og i mange variantar slik det framleis er i dag. Det varierte med lengde og tjukkelse. Dei to mest kjende typene er totteband og kjetting. Tottebanda besto av to til fem lenker med ein knapp i midten som oftast var i messing. Lenka i mellom var det som vart kalla totte. Det kan tyde på at dess høgare dei var på rangstigen dess fleire tottar brukte dei, derfor er det svært langt mellom dei fem totta klokkebanda. Eit anna band som vart nytta er trosse, dette gjekk rundt hovudet og ned på klokka. Trossebandet vart mest brukt på "fiskekjølke".

ANDRE BUNADSTING
Andre ting av sølv vart også brukt. På slutten av 1800 talet vart det nytta mykje meir sølv enn no t.d.sølvringar på fingrane. På brudgomsbunaden brukte dei ei eller to halssøljer før silketørkle vart teke i bruk. Hvis ein ser på den svarte brukte dei ein halsknapp på skjorta under halsekluten, denne var laga i sølv eller messing.

Det har ikkje vore brukt knapp med nokon form for blad eller anheng, berre ein rein knapp. I det seinare har det dukka opp knappar med anheng og blad, dette høyrer heime i Gudbrandsdalen og Numedal. Ein anna ting er mansjettknappar, dette har aldri vore brukt. Hvis det skulle pyntast opp så vart det gjort med fyriermar. Mansjettknappar høyrde heime på det ein kalla byklede og hadde ingen ting med bunad å gjera.